Om oss

OM OSS

 

Bringsvor Bygg AS held til på Sandsøya på søre Sunnmøre, og utfører oppdrag med utgangspunkt i tømrarfaget. Firmaet vart oppretta i juni 2018.


Kapasiteten vår er for tida rundt rekna eitt årsverk, fordelt på Eirik Voksøy Bringsvor (fast tilsett med fagbrev), og to hjelpearbeidarar som er tilsette som ekstrahjelp.


Eirik tek studiar innan byggfaget fram til sommaren 2020, og verksemda vil i alle fall fram til det vere avgrensa til Sandsøya og nabobygdene. Vi har stor variasjon i arbeidsoppgåver, alt frå den minste ting til meir komplekse jobbar.